Velkommen til Olden Brygge si nettside. Her er litt historie om bygget, bilder av lokaler til leige og det kjem det til å verte informasjon om aktuelle hendingar på bygget.

 

Bygget Olden Brygge var i starten slakteri. Det var her Nordfjord Kjøttindustri as heldt til fram til 1978. Bygget vart reist i tre byggetrinn. Det første i 1961, andre i 1968 og tredje i 1969. I 1987 vart det kjøpt av Lefdal-familien, og brukt som lager, kontor og salslokale for Nor-import as. Dei heldt til i bygget til 1995. I tida etter dette vart det blant anna produsert røykelaks i første etasjen( Norse Seafood). Stryn Kommune overtok bygget i 1998. Då Stryn Kommune selde bygget i 2001, skifta det namn til OLDEN BRYGGE. Det har sidan den tid vore ein kontinuerlig prosess med renovering og utvikling av bygget.

 


I bygget no:
Første etasje: Butikkar, kontor og lager.
Andre etasje: Lagerhaller og kontor.
Tredje etasje: Leilegheiter, kontor, møterom, selskapslokale, og lager.
Fjerde etasje: Leilegheit.

 

For spørsmål angåande spørsmål om bygget, ledige lokaler eller andre ting ta kontakt med Ottar Åbrekk.
Tlf: 57 87 30 26
Mob: 481 59 750
Mail: ottar@oldenbrygge.no